mini|Nannestadgata går steilt opp mot Kampen kyrkje Kampen er eit strok på eit høgdedrag i Bydel Gamle Oslo aust i det sentrale Oslo, mellom Tøyen og Vålerenga. Området vart utstykka frå 1820-åra og etter kvart tettbygd med trehus, då det ikkje var påbod om å byggje i mur når området låg utanfor bygrensa. I 1878 vart Kampen innlemma i byen, og etter at fleire av dei små trehusa hadde brunne ned i 1879, vart det utarbeidd reguleringsplan. Branntomta vart nytta som tomt for Kampen kyrkje, som stod ferdig i 1882, og Nannestadgata vart ei utsynsgate frå kyrkja mot Akershus slott.
mini|venstre|Kart over Kampen frå 1900. mini|Brinken på Kampen. mini|venstre|Trikk på Kampen-linja i oktober 1960, rett før linja vart lagd ned. Trikken går i Hagegata ned mot Kjølberggata. Brinken («steil skrent») er gata opp til høgre.
I 1890-åra vart det reist fleire bustadblokker i mur i fire høgder på Kampen, i 1930-åra kom det opp fleire bustadblokker i upussa teglstein. Nokre av dei gamle trehusa på Brinken vart erstatta med nybygg på 1980-talet. Men framleis er det eit visst preg av trehus-by over Kampen.
På den nordlegaste og mest steile delen av høgdedraget, 77 meter over havet, ligg Kampen park, med vidt utsyn over byen. Området vart kjøpt av kommunen i 1885, og eit vassbasseng for drikkevassforsyning vart bygd her i 1885-1886, teke ut or bruk i byrjinga av 1950-åra. Huset i sveitserstil, populært kalla «Alpehytta», som vart bygd som bustad for oppsynsmannen for vassbassenget, har frå 1992 vore nytta til barnehage. Kampen skole vart bygd i 1888, utvida med nybygg i 1902, omfattande rehabilitert og utbygd i 2003.
Folk på eller frå Kampen Thorbjørn Egner, forfattar og teiknar. Plassen framfor kyrkja fekk i 1992 namn etter han. Jon Bing, dr. juris og skjønlitterær forfattar Helga Helgesen, folkeopplysar Henrik Langeland, forfattar Einar Rose, skodespelar Knut Steen, skulptør. I våpenhuset i kyrkja står skulpturen Madonna som han har laga. Sven Nordin, skodespelar Petter Wettre, saksofonist Tellef Kvifte, professor i musikkvitskap Rob Waring, vibrafonist Kjell Bækkelund, pianist Knut Johannesen, skeiseløpar Rudolf Gundersen, skeiseløpar Peer Lorentz Dahl, biletkunstnar, budde her frå 1980, og lagde glasmåleria og krossvegmåleria i kyrkja
Kjelder Oslo byleksikon, femte utgåva, side 290-291 ISBN 978-82-573-1760-7
Kategori:Strøk i Oslo