Chuck Berry Is on Top er det tredje studioalbumet til rock and roll-pioneren Chuck Berry, utgjeve i juli 1959 på Chess Records. Med unntak av eit spor, «Blues for Hawaiians», var alle songane tidlegare utgjevne på singlar. I meldinga si om albumet for Allmusic, skildra Cub Koda det som «nesten eit greatest hits-album i seg sjølv» og den mest perfekte samlinga i karrieren til Berry.Cub Koda. "Chuck Berry Is on Top > Overview». Allmusic Guide. Henta 1. juli 2017. I 2008 kom albumet ut på nytt på Mobile Fidelity Sound Lab i lag med St. Louis to Liverpool på ein Ultradisc II Gold-CD. I 2012 gav Hoodoo ut albumet på nytt i lag med One Dozen Berrys på same CD.

Innhald

Medverkande Chuck Berry — vokal, gitarar Bo Diddley — elektrisk gitar Johnnie Johnson, Lafayette Leake — piano Willie Dixon — bass George Smith – bass Fred Below, Ebbie Hardy, Jaspar Thomas — trommer Jerome Green – maracas The Moonglows — korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chuck Berry Is on Top» frå , den 1. juli 2017. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Chuck Berry-album Kategori:Musikkalbum frå 1959-album Kategori:Chess Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Album produserte av Leonard Chess Kategori:Album produserte av Phil Chess