mini|Utstein kloster mini|Utstein kloster. Etter ei omfattande restaurering har det fått den kvitkalka fasaden ein meiner var opphavleg. Utstein kloster er eit tidlegare norsk kloster som vart bygd i mellomalderen. Utstein kloster ligg på Klosterøy, den vestre delen av Mosterøy i Stavanger kommune i Rogaland fylke. Mosterøy er ei av øyane i Ryfylke.
Klosteret er det einaste klosteret frå før reformasjonen som finst att i Noreg, nokolunde heilskapleg som det stod i mellomalderen. Både kyrkja og nedre etasje av aust- og sørfløyen er i bruk. Klosteret ligg dominerande til, som eit lukka kompleks kring ein kvadratisk klostergard i eit ope landskap, og med vidt utsyn.
Den eldste skriftlege kjelda der klosteret vert omtala, er frå 1286. På det meste budde det 20–30 munkar i klosteret med kring dobbelt så mange lekfolk som stod for gardstellet, husbygging og matlaging. Klosteret hadde store jordeiegedomar og kunne halda mat til kring 250 menneske årleg.
Klosterlivet tok slutt i samband med reformasjonen i Danmark-Noreg i 1530-åra. Klosteret tilhøyrer i stiftinga Utstein Kloster. Klosterbyggverka er i dag i bruk som museum, konferansesenter og overnattingsstad.
Kloster Utstein kloster vart oppretta ein gong i tidsrommet 1263–1280. Klosteret på Utstein er rekna som ei vidareføring av det eldre Olavsklosteret i Stavanger. Augustinarane fekk i regjeringstida til Magnus Lagabøte ta over den tidlegare kongsgarden på Mosterøy, som låg ved skipsleia. Augustinarane overtok Olavsklosteret sine eigedomar, og godset auka i tillegg etter kvart. Sankt Laurentius vart vald til vernehelgen for klosteret.
I 1539 vart klosteret storma av biskopen sine menn. Christoffer Rustung lét det brenna ned.
Kyrkje og herregard Etter reformasjonen kom klosteret på fleire hender. I 1537 fekk Trond Ivarsson klosteret som len. Han var forplikta til å ta vare på munkane, men klosterfolket forsvinn i denne tida ut av kjeldene. Erik Urne (1601–30) innreidde klosteret til soknekyrkje. Klosterbygga stod lenge tomme, og vedlikehaldet var dårleg. Familien Garmann overtok i 1706. Då Christopher Garmann kom flyttande i 1750, vart bygga sett i stand og sterkt endra. Familien Scancke tok over klosteret i 1885. Koret i kyrkja vart overført til staten i 1899. Kring 1900 vart kyrkjekoret og kyrkjetårnet restaurert. Fram til 1930-talet var klosterbygga våningshus. Resten av bygga vart sett i stand mellom 1950-talet og 1960-talet.
Bakgrunnsstoff
www.utstein-kloster.no Utstein kloster på http://www.rennesoy.gs.rl.no Utstein kloster på http://www.miljostatus.no Utstein kloster på http://www.katolsk.no
Litteratur Eldbjørg Haug (red): Utstein kloster- og klosterøys historie. Stiftelsen Utstein Kloster 2005 ISBN 82-303-0536-6
Kategori:Kloster i Noreg Kategori:Byggverk i Stavanger Kategori:Kulturminne i Stavanger Kategori:Olavsrosa Kategori:Freda bygg i Rogaland Kategori:Norske stiftingar