Sjåvinisme (fransk chauvinisme) er ein overdriven og fanatisk patriotisme. Uttrykket er mest bruka om å fremje og forherleggjere eiga gruppe eller nasjonalitet.
Uttrykket kjem frå den skrytande franske soldaten Nicolas Chauvin, som skal ha vore ein veteran frå Napoleonskrigane, og som dessutan var framstilt som ein erobringsivrig soldat i brørne Coignards vaudeville La Cocarde tricoloreLa cocarde tricolore er eigenleg namnet på ein rosett med dei tre fargane i det franske flagget, og har vore nytta som nasjonalt symbol sidan revolusjonen i 1789. frå 1831.snl.no: Sjåvinisme
Sjå òg
Sosialsjåvinisme
Referansar
Kategori:Nasjonalisme Kategori:Sosialisme Kategori:Politikk etter tema Kategori:Rase og samfunn Kategori:Franske ord og uttrykk Kategori:Eponym