Informasjonskrigføring er eit konsept der stridsideen er styring av massemedia og sambandsteknologi for å nytta seg av overlegne føremuner på dette feltet. Elementa i denne forma for krigføring inkluderer alle disiplinar innan etterretning, spreiing av propaganda, demoralisering av potensielle fiendar, psykologisk manipulering og forsøk på å dra motparten sine intensjonar i tvil. Det er her ein nær samanheng med psykologisk krigføring.

Informasjonskrigføring kan til dømes bruke desse elementa: TV, internett og radio kan jammast. TV, internett og radio kan verta overtekne og brukte som kanalar for desinformasjon og propaganda. Logistikksamband kan verta sette ut av spel. Aksjebørsen til potensielle fiendar kan manipulerast. Droner (UAV) og nettkamera kan verta overtekne eller sette ut av spel.

Referansar

Kategori:Krigføring