Olav Gunnar Ballo () er ein norsk politikar for SV, fødd i Alta i Finnmark.
Ballo vart vald inn på Stortinget frå Finnmark i 1997. Han var vararepresentant frå 1993.
Ballo er lege (Cand.med.) frå Würzburg universitet i Bayern (Tyskland), der han tok eksamen i 1983.
Han vart usamd med partiet i fleire saker, mellom anna om bioteknologi. I 2011 melde han seg ut av SV og inn i Arbeidarpartiet. Han har vore gift med stortingsrepresentant og tidlegare statssekretær Heidi Sørensen. I 2012 gav han ut sjølvbiografien Stortingsliv, der han tek eit oppgjer med mellom anna partikulturen i SV.
Stortingets presidentskap
2005–2009 visepresident i Odelstinget. 1997–2001 visesekretær i Odelstinget.
Stortingskomitear
2005–2009 medlem av Justiskomiteen. 2001–2005 medlem av Sosialkomiteen. 1997–2001 medlem av Sosialkomiteen.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Lokalpolitikarar i Alta Kategori:SV-politikarar i Finnmark Kategori:Norske legar Kategori:Folk frå Alta