Edvarda Klaudine Lie () var ein norsk målar, teiknar og illustratør, fødd i Orkdal og oppvaksen i Vestvågøy.

Edvarda Lie teikna til fleire aviser og blad, så som A-magasinet, og illustrerte bokomslag og bøker, mellom dei Ali Baba og de førti røvere i 1946. I 1944 gav ho ut boka Anatomi for tegnere, ei bok som kom i nytt opplag i 1976. Frå 1936 til 1947 underviste Lie i motetegning ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Ho utforma blomsterdekoren nedst på stakken til Lofotbunaden. I perioden 1960 til 1964 laga ho veggmåleri til Narvik rådhus.

Bileta til Lie er ofte prega av sikker figurteikning, lette, lyse farger og tidstypisk dekorativ flatestil.

Kjelder Store norske leksikon Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1957

Kategori:Norske illustratørar Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Vestvågøy