mini|Kundar utanfor The Apple Store på Fifth Avenue i New York i USA på Black Friday 23. november 2011. mini|Ein kunde ventar på Black Friday-tilbod utanfor ein butikk i Tyler i Texas 27. november 2013. Black Friday, svart fredag eller svartfredag er ein årleg handledag som finn stad dagen etter thanksgiving i USA. Dagen er den tradisjonelle byrjinga på julehandelen, og mange utsalsstader vert ofte så opna tidleg om natta og tilbyr ei rekkje salsvarer, ofte avgrensa i mengd eller tidsrom. Sidan thanksgiving i USA alltid fell på den fjerde torsdagen i november, vil Black Friday finna stad på ein fredag mellom 23. og 29. november.
«Black Friday» er eit uttrykk som har vorte nytta i mange samanhengar. Som handelsdag har det amerikansk opphav og går attende til 1800-talet,«How Did 'Black Friday' Get Its Name?». Urban Legends Reference Pages. Snopes.com der det i USA vart assosiert med finanskrisa i 1869.«Definition of 'Black Friday», Investopedia.com«The “Black Friday” Gold Scandal, 145 Years Ago», History.com. Sitat: «The stock market joined in on the plunge, dropping a full 20 percentage points and bankrupting or inflicting severe damage on some of Wall Street’s most venerable firms. Thousands of speculators were left financially ruined, and at least one committed suicide. Foreign trade ground to a halt. Farmers may have felt the squeeze most of all, with many seeing the value of their wheat and corn harvests dip by 50 percent.» Den eldste kjende bruken av «Black Friday» var ein handledag som kom etter thanksgiving ('Takkedagen', då amerikanarar likevel hadde fri) som skjedde den 1. desember 1961 i ei utgåve av avisa The Shortsville-Manchester Enterprise (Shortsville, New York). I denne artikkelen vert det referert til ein bruk av omgrepet av politiet i Rochester i New York.
Det har òg vorte hevda at «Black Friday» skildrar at handelen denne dagen bidreg til at mange butikkar igjen går med overskot – og dermed går frå raude til svarte tal i rekneskapen.Kringstad, Kirsti (26. november 2015): «– Black Friday har virkelig tatt av i år», NRK Dagen er òg ein viktig indikator på korleis julehandelen kjem til å verta; han fungerer som eit barometer på viljen til folk til å bruka pengar.
Språkrådet har foreslått «svartfredag» eller «svartefredag» for bruk på norsk.
I Noreg Den 26. november 2010 vart shoppingfenomenet «Black Friday» for første gong brukt i Noreg, då Norwegian Outlet i Vestby introduserte handledagen. Komplett.no var den første nettbutikken i Noreg som arrangerte Black Friday, òg i 2010.Ervik, Kristian (28. november 2014): Derfor heter det «Black Friday», TV2 Eit av dei første norske media som kasta seg på fenomenet kommersielt var Nettavisen, som lenkja til amerikanske nettbutikkar i 2004. Dei seinaste årane har avisa følgt sala i Noreg og USA direkte.
Sjå òg Cyber Monday Black Friday, demonstrasjonar 18. november 1910 av rundt 300 suffragetter utanfor Underhuset i London andsynes kvinneleg røysterett. Svarte fredag (1978), masseprotestar 8. september 1978 i Teheran i Iran. Fleire hundre vart drepne.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Black Friday (shopping)» frå , den 14. desember 2017.
Kategori:Handel Kategori:November Kategori:Engelske ord og uttrykk Kategori:Kultur i USA