Thomas Johannes Wiborg () var ein norsk kjøpmann og politikar frå Brevik som var stortingsmann 1871–1873.
Wiborg var son til ein kjøpmann, ein yrkesveg han sjølv fylgde vidare. Han var medlem i Brevik bystyre frå det vart oppretta i 1838 og i mange år ordførar, også forlikskommissær i fleire år. Frå 1846 var han styreleiar i den lokale sparebanken.
Både i 1868–1869 og i 1871–1873 var han Brevik sin representant på Stortinget. Til 1873-sesjonen møtte han fyrst 3. april. Han var medlem 1868–1869 i Justiskomité nr 1 og 1871–1873 i Tollkomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Folk frå Porsgrunn