mini|Strukturen til ein DNA-polymerase og eit DNA-molekyl DNA-polymerasar er enzym som katalyserer laginga av ein ny DNA-tråd som er komplementær til ein annan DNA-tråd nytta som mal. I alle greiner av livet vert DNA-polymerasar nytta under DNA-replikasjon, der genomet til ein organisme vert kopiert. DNA-polymerasar verkar i lag med andre protein, som helikasar. Komplekset med DNA-polymerasen og dei andre proteina vert kalla replisom. Ein stor del av DNA-polymerasane i kvar organisme er meinte å vøla DNA-et etter skadar som har oppstått, eller for å kunna halda fram med å kopiera DNA-et forbi skadar.

Alle DNA-polymerasar har ein liknande struktur som liknar på ei høgrehand. Dei vert delte inn fleire i familiar. Familie A har replikative polymerasar frå bakteriar, familie B frå eukaryotar og arkar, og familie D frå arkar. Familie Y finst hjå alle dei tre biologiske rika og kan kopiera DNA forbi skadestader i DNA-et. Familie X finst hjå eukaryotar og tek del i vøling av DNA heller enn replikasjon.

Kjelder

Kategori:DNA-replikasjon Kategori:DNA-reparasjon