Karakum er ein sandørken sørvest i Sentral-Asia som dekker store delar av Turkmenistan. Ørkenen ligg mellom Kopet Dagh-fjella og elva Amu-Darja, aust for Kaspihavet og sør for Aralsjøen. Ørkenen Kyzylkum ligg i nordaust.
mini|venstre|Satellittbilde av Sentral-Asia med ørkenen markert. mini|venstre|Satellittbilde av Karakum.
Karakum tyder 'svart sand' på tyrkiske språk. Namnet blir skrive Garagum på turkmensk og Каракумы på russisk.
Ørkenen dekkjer rundt 350 000 km², som utgjer rundt 70 % av arealet til Turkmenistan. Han har ei nedbørsmengd på mellom 70 og 150 mm per år. Han er tynt folkesett, med gjennomsnittleg ein person per 6,5 km².
mini|Frå Karakum venstre|miniatyr|Brennande gass i eit krater i Derweze.
Elvene Morghab og Tedzjen (Harirud) spring ut frå fjellkjeda Hindu Kush i sør og renn ut i ørkenen, der dei blir brukt til vatning. Ørkenen blir kryssa av den største vatningskanalen i verda, Karakumkanalen, som ein byrja å bygga i 1954. Han er 1375 kilometer lang og transporterar 13-20 km³ vatn i året.
Oasane Mary og Tedzjen er kjende for bomullstilverking.
Den transkaspiske jernbanen går gjennom Karakum.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Karakum» frå , den 23. januar 2018.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Ørkenar i Turkmenistan