1953 (romartal MCMLIII) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen.

Hendingar

Utlandet 16. januar: Leiaren av Egypt, general Mohammed Naguib, innførte diktatur etter avsløring av kupp-planar. 2. februar: Flaum i Nederland etter at dika braut saman under enorm springflod. 1500 døydde og 100 000 måtte evakuerast. Store jordbruksareal blei øydelagde.

mini|1953 var året menneske først steig opp på Mount Everest. (Foto: Uwe Gille, 2005)

29. mars: Danmark fekk ny grunnlov som stadfesta eit parlamentarisk system, berre eitt kammer i Folketinget, gav medlemmer i Folketinget rett til å krevja folkeavstemming, innførte kvinneleg arverett til trona og Grønland blei ein del av kongeriket Danmark med representasjon i Folketinget. 7. april: Den svenske viseutanriksministeren Dag Hammarskjöld blei ny generalsekretær i SN. 29. mai: Tenzing Norgay og Edmund Hillary kom som dei første i verda til toppen av Mount Everest. 2. juni: Elisabeth II blei krona til dronning av Storbritannia. 16. juni: Arbeidaroppstand i Aust-Berlin mot den aust-tyske regjeringa. Opprøret blei knust neste dag av sovjetiske stridsvogner. 18. juni: Egypt blei republikk med Mohammed Naguib som president. 28. juni: Store oversymjingar i Japan. 27. juli: Underskriving av ein våpenkvileavtale etter Koreakrigen. 11. august: Eit jordskjelv i Hellas drap over 1000. 13. september: Nikita Khrusjtsjov blei ny førstesekretær i Sovjetunionen etter at Stalin døydde i mars. 9. november: Kambodsja fekk sjølvstende frå Frankrike. 25. november: Ungarn sitt herrelandslag i fotball slår England sitt herrelandslag i fotball 6–3 på Wembley stadion i ein kamp som i ettertid har vorte kalla «hundreårets kamp». 26. desember: Ein stor Viet Minh-offensiv i jula delte i praksis Indokina i to. Koloniane Nyasaland, Nord-Rhodesia og Sør-Rhodesia blei slegne saman til Rhodesia og Nyasaland-føderasjonen.

Noreg 21. januar: Ein dommesdagpreken halden av Ole Hallesby i NRK utløyste Helvetesdebatten. 19. mars: I Kings Bay-ulukka på Svalbard døydde 19 gruvearbeidarar. 11. april: Noreg avslutta formelt sin okkupasjon av Tyskland. 10. mai: Prins Harald blei konfirmert av biskop Eivind Berggrav i Slottskapellet. 15. mai: Prinsesse Ragnhild blei vigd av biskop Eivind Berggrav i Aker kyrkje. 1. juni: Opninga av dei første Festspela i Bergen. 29. juni: Eit voldsomt lokalt uvêr over Kviteseid i Telemark skapte jordras og flaumskadar. 16. juli: Stortinget vedtok å flytta hovudbasen til Marinen frå Horten til Bergen. 11. september: Opprettinga av Forbrukarrådet. 12. oktober: Stortingsvalet 1953 gav Arbeiderpartiet fortsatt reint fleirtall. 15. november: Fire menn mistenkte for å spionera for Sovjetunionen blei arresterte i Kirkenes. 3. desember: Styrmennene i handelsflåten byrja ein streik som varte i fire dagar.

Mosjøen Veveri blei starta. Danninga av Det norske forbundet av 1948.

Fødde

mini|upright|Cristina Fernández i 2010 mini|upright|Lars Saabye Christensen vart fødd 21. september 26. januar: Anders Fogh Rasmussen, dansk statsminister og NATO-leiar 19. februar: Cristina Fernández de Kirchner, argentinsk statsleiar 28. februar: Paul Krugman, USA-amerikansk økonom 6. mars: Jan Kjærstad, norsk forfattar 21. mars: Per Inge Torkelsen, norsk humorist og forfattar 27. mars: Annemarie Moser-Pröll, austerriksk alpinist 2. april: Eivind Reiten, norsk politikar og næringsdrivar 18. april: Per Olaf Lundteigen, norsk bonde og politikar 6. mai: Tony Blair, britisk statsminister 15. mai: Gaetano Scirea, italiensk fotballspelar 1. juni: Liv Arnesen, norsk polfarar 21. juni: Benazir Bhutto, pakistansk statsleiar 22. juni: Cyndi Lauper, USA-amerikansk songar og låtskrivar 15. juli: Jean-Bertrand Aristide, haitisk statsleiar 21. september: Lars Saabye Christensen, norsk forfattar 23. september: Åge Hareide, norsk fotballmann 1. oktober: Ottar Grepstad, norsk forfattar og målmann Grete Waitz, norsk langdistanseløpar 6. november: Bentein Baardson, norsk skodespelar og regissør 25. november: Gunnar Kvassheim, norsk politikar 17. desember: Narve Fulsås, norsk historikar

Døde

1. januar: Hank Williams, amerikansk musikar 11. januar: Hans Aanrud, norsk forfattar 5. mars: Josef Stalin, leiar av Sovjetunionen Sergej Prokofjev, russisk komponist og pianist 4. april: Adam Egede-Nissen, norsk politikar 16. mai: Django Reinhardt, fransk jazzgitarist 21. mai: Ernst Zermelo, tysk matematikar 19. juni: Ethel og Julius Rosenberg, amerikanske spiondømde (avretta) 30. juni: Elsa Beskow, svensk barnebokforfattar og illustratør 19. september: Eirik Vandvik, norsk forfattar 28. september: Edwin Hubble, amerikansk astronom 30. september: Lewis Fry Richardson, britisk fysikar 3. oktober: Arnold Bax, britisk komponist og lyrikar 8. november: Ivan Bunin, russisk forfattar 9. november: Dylan Thomas, walisisk forfattar Ibn Saud, saudisk statsleiar 3. november: Francis Picabia, fransk målar 27. november: Konrad Nielsen, norsk språkforskar