Samuel E. «Tony» Williams () var ein USA-amerikansk songar, mest kjend som frontmann i The Platters frå 1953 til 1960. Williams var fødd i Elizabeth i New Jersey, og døydde i New York av emfysem.
Syster hans, R&B-songaren Linda Hayes var avgjerande for at Williams vart medlem av The Platters, som vart oppdaga og styrt av Buck Ram. I ein krangel om pengar, slutta Williams i The Platters for å satse på ein solokarriere, og fortsette å arbeide med Ram.
Williams vart vald inn i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Platters i 1990. Williams turnerte med sin eigen variant av The Platters, kalla The International Platters, med kona Helen Williams. Den musikalske leiaren William Gulino arbeidde på og av med Tony Williams og The Platters frå 1978 til 1992.
Solodiskografi Magic Touch of Tony - Philips PHS-600-051 - 1962 A Girl Is a Girl Is A Girl - 1961 Tony Williams Sings His Greatest Hits - 1994 The Voice of The Platters - Vintage Music - 2014
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tony Williams (singer)» frå , den 14. februar 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske rhythm and blues-songarar Kategori:The Platters-medlemmar Kategori:Folk frå Elizabeth i New Jersey Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Døde av emfysem