Mike Pender () er eit av dei opphavlege medlemma i Merseybeat-gruppa the Searchers. Han er mest kjend som vokalisten på mange av hitsinglane til The Searchers, inkludert songen «Needles and Pins» og «What Have They Done To The Rain?».

Biografi

Tidleg i karrieren arbeidde Pender i ein gitarbutikk på dagtid, og spelte mmed The Searchers på kvelden. I følgje Pender sjølv, var det han som kom på namnet, etter å ha sett filmen The Searchers med John Wayne. Etter at The Searchers spelte inn singlane «Sweets for My Sweet» og «Sugar and Spice» tok Pender over som vokalist etter Tony Jackson. Den siste singelen Pender spelte inn med The Searchers var «I Don't Want to Be the One» i 1980-åra. Pender slutta i The Searchers i 1985 for å satse på ein solokarriere og i 1988 vart han med i rockebandet The Corporation eller «Travelling Wrinklies».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mike Pender» frå , den 18. mars 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Engelske popsongarar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Sologitaristar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Engelske låtskrivarar