Skjør astma (eng. brittle asthma) er namnet på ein sjeldan, men særleg alvorleg type astma der åtaka er særleg plutselege og/eller alvorlege og behandlingsresponsen er lågare enn kva som er tilfelle med vanlege astmatikarar. Skjør astma kan grovt sett delast inn i to hovudtypar — type 1 og type 2.

Skjør astma, type 1 Pasientar med skjør astma av type 1 har dagleg, persistent astma trass i aggressiv medisinering som inkluderer høge dosar av inhalert kortisonpreparat. I tillegg til den persistente astmaen vil type 1-pasientar ofte ha plutselege, alvorlege astmaåtak som kan vera livstruande. Hyppig sjukehusinnlegging er ofte nødvendig, og svært mange type 2-pasientar vil være fullt uføre.

Skjør astma, type 2 Type 2-pasientar har oftast meir moderat astma på dagleg basis, men har stundom plutselege og alvorlege åtak som kan vera livstruande. Ved skjør astma av type 2 er det ofte aktuelt å gjeva kortvarige kurar med orale steroidar. Mange type 2-pasientar vil kunna fortsetja utdanning eller arbeid, men uførheitsgraden kan òg vera så stor at attføring eller uføretrygd kan vera aktuelt.

Kjelder «What does this form of asthma really mean?» frå The Friends’ Network for Severe & Brittle Asthmatics

Kategori:Astma Kategori:Pulmonologi Kategori:Respirasjonsbehandling