mini|venstre|Hæstad (til høgre) medan han spelte for Vålerenga i 2009

Kristofer Kruger Hæstad () er ein norsk fotballspelar. Han spelte på midtbanen for Vålerenga frå januar 2008 til mai 2014. I tillegg har han spela fleire kampar for det norske A-landslaget.

Hæstad spela i oppveksten for Kristiansand-klubbane Randesund og Vigør. Han melde overgang til Start i 2001. Han debuterte i Tippeligaen i 2002, då Start berre tok 11 poeng og rykte ned.

Etter to sesongar i 1. divisjon rykte sørlendingane opp att i 2004, med Hæstad som ein av dei viktigaste spelarane på laget. Hæstad har halde fram med storspelet etter opprykket til Tippeligaen, og han vart kåra til månadens spelar av NRK i april 2005. I mai det same året debuterte han på landslaget i ein privatlandskamp mot Costa Rica, og fekk strålande kritikk.

Kristofer Hæstad vann prisen som årets profil i Tippeligaen, 2005. Han vart òg kåra til årets midtbanespelar i 2005.

Fotnotar

Kjelder

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball