Ocean's Kingdom er det femte albumet med klassisk musikk av Paul McCartney. Musikken vart komponert til ein ballett med same namn, bestilt av New York City Ballet. Musikken vart framført av London Classical Orchestra og dirigert av John Wilson. Albumet kom ut på CD og vinyl, den 3. oktober 2011 av Decca (Storbritannia) og 4. oktober (USA) av Hear Music/Telarc (USA). I USA nådde albumet 144. plassen på Billboard 200-lista. Albumet fekk ein score på 60 av 100 på Metacritic, basert på åtte meldingar, som indikerer ein «middels» mottaking.

Balletten fortel ei kjærleikssoge basert på to fantasiverder - det «reine» havriket, og jordriket med sine «skurkar» som trugar levesettet under vatn. I følgje McCartney oppstår kjærleik når jord møter vatn. Musikken til balletten består av fire satsar.

Innhald All musikk komponert av Paul McCartney.

Bonussporutgåve Gjennom iTunes og som digital nedlasting med eit kodekort som følgde CD- og LP-utgåvene kunne ein òg få konsertversjonar av dei fire satsane. Desse hadde premiere den 21. september 2011, framført av New York City Ballet Orchestra, dirigert av Fayçal Karoui.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ocean's Kingdom» frå , den 27. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2011 Kategori:Musikk for orkester og orgel Kategori:Musikkalbum frå 2011 Kategori:Paul McCartney-album