Madeline Manning () er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Cleveland som vart olympisk meister på 800 meter i 1968.
Aktiv Manning slo gjennom i 1967-sesongen, 19 år gammal, då ho vann 800 meter både under dei panamerikanske leikane i Winnipeg og universiaden i Tokyo. Hausten 1968 deltok ho i dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen og vann ein suveren siger på 800-meteren.
Under Sommar-OL 1972 i München vart Manning slått ut or 800-tevlinga i semfinalane, seinare i leikane sprang ho den andre etappen for USA sitt stafettlag i 4 x 400 m stafett, eit lag som fekk sølvmedalje, slått med over to sekundar av Aust-Tyskland.
I 1976 sette Manning personleg rekord på 800 meter med den sterke tida 1.57,90. Ho tok seg greitt til semifinalane på distansen i OL i Montreal, men gav opp å kome vidare frå semifinaleløpet.
Manning var aktiv i friidrett til 1981 og vann i alt 10 nasjonale meisterskapsgull.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1968 i Mexico-byen: Gullmedalje på 800 m – 2.00,9, framom Ileana Silai (2.02,5) OL 1972 i München: Utslått i semifinalane på 800 m (2.02,39 =nr 10). Sølv i 4 x 400 m stafett OL 1976 i Montreal: Utslått i semifinalane på 800 m (2.07,25 =nr 16)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Madeline Manning» frå , den 31. mai 2018.
World Athletics
Kategori:Mellomdistanseløparar frå USA Kategori:Sprintarar frå USA Kategori:Olympiske meistrar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976