Magic Christian Music er debutalbumet til det britiske rockebandet Badfinger, gjeve ut tidleg i 1970 på Apple Records. Tre songar frå albumet vart nytta i filmen The Magic Christian, som òg gav tittelen til albumet. Magic Christian Music er likevel ikkje eit offisielt filmmusikkalbum.

Historie Filmmusikken til The Magic Christian bestod av tre nye songar av Badfinger, inkludert hitten «Come and Get It», som opna filmen og «Carry on Till Tomorrow», som var kjenningsmelodien i filmen. Filmmusikkalbumet, som òg inneheldt musikk av Ken Thorne, var meint for ei utgjeving på Apple Records, men dette vart hindra av at Thunderclap Newman-songen «Something in the Air» var blitt nytta i filmen. I staden vart albumet gjeve ut på det lite kjende selskapet Commonwealth United Records i USA og Pye i Storbritannia. Som følgje av dette fekk det lite marknadsføring i USA og selde nesten ingenting.

For å fylle dette tomrommet gav Apple Records ut sitt eige «filmmusikkalbum». Apple kombinerte dei tre Badfinger-songane med fire songar som ikkje var gjevne ut før og sju eldre songar frå albumet Maybe Tomorrow, som bandet gav ut under namnet The Iveys i 1969. Dei tidlegare Iveys-songane vart miksa på nytt for dette albumet, og betra lydkvaliteten i prosessen. Ein av dei, «Fisherman», vart òg redigert for utgjevinga.

Dei tre Badfinger-songane i filmen - «Come and Get It», «Rock of All Ages» og «Carry on Till Tomorrow» - har alle ein Beatles-tilknyting. Dei vart produserte av Paul McCartney, som òg skreiv den førstenemnde songen, og strykarane på «Carry on Till Tomorrow» vart arrangerte og dirigerte av Beatles-produsenten George Martin. Dei andre songane på albumet vart produserte av Tony Visconti (seks songar) og Mal Evans (fem songar).

Albumet nådde 55. plassen på den amerikanske albumlista.

Innhald Under er sporlista for den originale britiske utgåva, som CD-utgåva òg følgjer. Den originale amerikanske versjonen hadde ei anna rekkefølgje og mangla songane «Angelique» og «Give It a Try».

Songane merka med '†' vart opphavleg gjeven ut av The Iveys på albumet Maybe Tomorrow.

Digitale bonusspor (2010-utgåva) «Dear Angie» [Mono Mix] – 2:35 «Think About the Good Times» [Mono Mix] – 2:22 «No Escaping Your Love» [Mono mix] – 2:01 «Arthur» [Remix] – 3:15 «Storm in a Teacup» [Mono Mix] – 2:30 «Yesterday Ain't Coming Back» [Mono Mix] – 2:55

Medverkande Pete Ham – solo- og korvokal, solo- og rytmegitar, klaverinstrument Tom Evans – solo- og korvokal, rytmegitar, bassgitar på «Crimson Ship», «Midnight Sun» og «Rock of All Ages» Ron Griffiths – bassgitar (utanom der andre er nemnd), korvokal, solovokal på «Dear Angie» og «Give it A Try» Mike Gibbins – trommer, vokal

Additional contributors Paul McCartney – piano på «Rock of All Ages», perkusjon på «Come and Get It» Nicky Hopkins – piano på «See-Saw Granpa» Bill Collins – piano på «Knocking Down Our Home»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Magic Christian Music» frå , den 10. juni 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Badfinger-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Apple Records-album Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Album produserte av Paul McCartney Kategori:Album produserte av Tony Visconti Kategori:Capitol Records-album Kategori:Album spelte inn i Trident Studios Kategori:Album spelte inn i IBC Studios