Bardu kommune (nordsamisk Bearddu suohkan, kvensk Perttulan komuuni) er ein innlands- og fjellkommune i Troms fylke. Kommunen grensar til kommunane Sørreisa og Målselv i nord, til Salangen og Lavangen i vest og til Narvik kommune i sør. I sør og aust ligg Kiruna kommune i Sverige. Namnet Bardu skal komme frå det norske mannsnamnet Bardo som igjen kjem frå det gammalnorske namnet Bergþórr. At eit vanleg personnamn har fått ein slik omfattande bruk blir forklart med at namnet Bardu står som ei forkorting for Bardudalen og at ein av dei første nybyggarane i denne dalen må ha hatt dette namnet.

Bardu kommune ligg i fleire samanhengjande dalføre mellom fjella i Indre Troms og har nærare 4000 innbyggjarar. Den administrative og politiske leiinga er i kommunesenteret Setermoen.

Forsvaret har sidan 1898 hatt ei omfattande verksemd i kommunen og er den største arbeidsgjevaren. Bardu er også vasskraftkommune med fleire store kraftverk langs Barduelva.

Kommunevåpenet Kommunevåpenet viser ein svart jerv på gul botn. Jerven er eit symbol på dei store skogane og det rike dyrelivet i kommunen.

Historie mini|Bardudalen med Barduelva i retning Setermoen Etter at flaumen Storofsen råka mellom anna det indre Austlandet hardt sommaren 1789 sette fogden i Senjens og Tromsø fogderi, Jens Holmboe, i gang eit stort arbeid for å få gje folk som hadde kome ille ut, ein ny start som busetjarar i Bardu. Det vart starten på ei stor tilflytting av folk frå Østerdalen og Gudbrandsdalen på 1700- og 1800-talet til Indre Troms.

Bardu kommune vart oppretta som eigen kommune i 1854, då han vart skild ut frå Ibestad kommune.Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for Bardu kommune frå 1855: 1855"Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010 1900 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Bardu 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 757 1646 1758 1828 2355 2509 3652 3923 4058 3828 3845 3949

Tettstad i kommunen Setermoen -

Kyrkjer, kapell og kyrkjegardar Bardu kyrkje som stod ferdig i 1829, er den einaste kyrkja i kommunen. Eit kyrkjelydshus vart ført opp i tilknyting til kyrkja i 1993.

I tillegg er det tre kapell i kommunen, eitt i kvart dalføre; Nedre Bardu kapell, Øvre Bardu kapell og Salangsdalen kapell.

Det er åtte større og mindre kyrkjegardar og gravlundar i kommunen.

Politikk Kommunestyrevalet 2019

Folk frå Bardu Lil Halima, musikar, låtskrivar, eigentlege namn Lillian Halima AnderssenPå ett år gikk Lil Halima fra å gjøre lekser og ta helgevakter på Coop til å spille på Roskilde og få skryt av Kanye West. Dagens Næringsliv. Vitja 8. august 2020

Venskapsbyar Bjurholm Puolanka Füssen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bardu» frå , den 6. april 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Troms Kategori:Norske kommunar skipa i 1854