Michel Georges Jean Ghislain Preud’homme () er ein belgisk fotballspelar og seinare -trenar frå Ougree. Han var ei framifrå målvakt som særleg utmerkte seg med sine refleksredningar. Etter VM i fotball 1994 vart han kåra til turneringas beste målvakt og same året vart han tildelt Jasjin-prisen som verdas beste fotballmålvakt.
Klubbspel Preud'homme var aktiv i Standard Liège frå 1977 til-86. Med Standard vann han den nasjonale cupfinalen i 1981 og den belgiske toppserien i 1982 og 1983. Sommaren 1986 gjekk han over til KV Mechelen, der han i 1987 vart nasjonal cupmeister for andre gong. I 1988 var Preud'homme med å vinne cupvinnarcupen etter å ha slått nederlandske Ajax 1-0, året etter vart han belgisk seriemeister for tredje gong. Sommaren 1994 vart han overført til SL Benfica, ein klubb han vann den portugisiske cupen 1996 med. Preud'homme la opp i 1999, 40 år gammal.
Landslagsspel Preud'homme fekk sin landslagsdebut i mai 1979, men fekk få kampar for Belgia ettersom Jean-Marie Pfaff var det klare fyrstevalet som landslagsmålvakt til og med Fotball-VM 1986 i Mexico. Frå 1987 og til 1994 hadde Preud'homme hevd på målvaktsplassen i landslaget og deltok både i verdsmeisterskapane 1990 og 1994. Opp til desember 1994 vakta han Belgias mål i 58 landskampar.
Merittar Vinnar av UEFA-cupen: 1988 med KV Mechelen Belgisk seriemeister: 1982 og 1983 med Standard Liège og 1989 med KV Mechelen Belgisk cupmeister: 1981 med Standard Liège og 1987 med KV Mechelen
Trenar Tida 2007-16 hadde Preud'homme stor suksess som klubbtrenar. Han sanka pokalar både med Standard Liège, KAA Gent og Club Brugge i heimlandet, så vel som med nederlandske Twente og saudiarabiske Al-Shabab.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Michel Preud'homme» frå , den 3. juli 2018.
eu-football
Kategori:Belgiske fotballspelarar Kategori:Belgiske fotballtrenarar Kategori:Standard Liège-spelarar Kategori:KV Mechelen-spelarar Kategori:Benfica-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1980 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994