Skuggeforfattar eller ghost writer er ei nemning for ein forfattar som ikkje er namngjeven som opphavsperson, men skriv tekstar på oppdrag for ein annan person som er den namngjevne forfattaren.

Slike forfattarar blir gjerne nytta av kjendisar og politikarar. Dei kan også nyttast for populære forfattarar der ein vil dra nytte av forfattarnamnet, eller i nokre høve oppdikta pseudonym som ein eller fleire skuggeforfattarar står bak.

Kjelder

Kategori:Forfattarar Kategori:Svindel