Future Blues er det femte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Canned Heat, gjeve ut i 1970. Det var det siste albumet til bandet med den klassiske besetninga, sidan Larry Taylor og Harvey Mandel slutta kort tid etter utgjevinga og låtskrivaren Alan Wilson døydde seinare på året. Det var òg det einaste studioalbumet frå den klassiske tida til Canned Heat med Mandel, sidan Henry Vestine hadde vore sologitarist på dei førre albuma. Albumet inneheld fem originale songar og tre coverlåtar. Ein Wilbert Harrison-song, «Let's Work Together», vart vald ut til singel for Europa, samstundes med at turneen starta. Bandet insisterte på at dei skulle vente med den amerikanske utgåva av singelen, slik at låtskrivaren sjølv skulle få ein sjanse på marknaden først.Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 128. . Canned Heat hadde ein stor hit med «Let's Work Together» og det var den einaste topp 10-hitten til bandet med vokal av Bob «The Bear» Hite. Dr. John spelte piano på «London Blues».

Det vart nokre kontroversar då plateomslaget synte ei blanding av månelandinga og Iwo Jima med det amerikanske flagget opp-ned. Flagget var Wilson sin ide og var eit svar til uroa hans over at menneske kom til å forureine månen på same måten som jorda (noko som vert omtalt i songen «Poor Moon»).Fito De La Parra, Living The Blues. Canned Heat's Story of Music, Drugs, Death, Sex and Survival, 2000, s. 156-157. .

Albumet kom ut på CD i 2002 av MAM Productions med fem bonusspor.

Innhald

Medverkande Canned Heat Bob Hite – vokal Alan Wilson – slidegitar, vokal, munnspel Harvey Mandel – sologitar Larry Taylor – bass Adolfo de la Parra – trommer

Andre musikarar Dr. John – piano, blåsearrangement (spor 5 & 7) Ernest Lane – piano (spor 9)

Teknisk Skip Taylor – produsent Canned Heat – produsent Tommy Oliver – lydteknikar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Future Blues (Canned Heat album)» frå , den 27. august 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Canned Heat-album Kategori:Liberty Records-album Kategori:MAM Records-album Kategori:Album produserte av Bob Hite