Stefan Marius Johansen () er ein norsk fotballspelar frå Vardø som har spela på landslaget i fotball sidan 2013. Sidan august 2016 har han spelt på den engelske Fulham FC i London. Per 16. oktober 2019 hadde midtbanespelaren delteke i 53 landskampar for Noreg og skåra 6 mål.

Johansen var Bodø/Glimt-spelar åra 2007-10. Han fekk sitt gjennombrot med Strømsgodset IF, eit lag han spelte på i tre sesongar, 2011-13. Sesongen 2013 var han den mest sentrale spelaren då laget frå Drammen vart norsk seriemeister for fyrste gong på 43 år. I januar 2014 vart han overført til den skotske toppklubben Celtic FC. Her vart han skotsk serievinnar i 2014 og 2015, i den sistnemnde sesongen vart han kåra til årets spelar i Skottland. I august 2016 gjekk turen til Fulham FC, ein klubb han våren 2018 var med å spele opp i Premier League.

Johansen skåra då Noreg tapte 2-4 mot Sverige i hans landslagdebut i august 2014. Sidan har Johansen hatt tilnærma fast plass i Noregs landslagsellevar. Frå mai 2016 har han også jamnast vore landslagskaptein. Han skåra begge måla då Noreg i september 2018 vann 2-0 over Kypros på Ullevål stadion i Oslo.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stefan Johansen» frå , den 6. september 2018. eu-football

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Bodø/Glimt-spelarar Kategori:Strømsgodset-spelarar Kategori:Celtic-spelarar Kategori:Fulham-spelarar