Jánoš Trosten () er ein norsk samisk politikar. Han var leiar av Norske Samers Riksforbund frå 1998 til 2001 og var sametingsrepresentant i periodane 2001-2005 og 2005-2009. Han vart vald inn frå ei samlingsliste av Norske Samers Riksforbund og Samisk folkeparti frå Tana valkrins, men vart usamd med NSR og gjekk ut og danna sitt eige parti, kalla Čielga sámi jietna (Klår samisk røyst).Nils Måsø: «Taperen i Østre valgkrets» på nettstaden til NRK Sámi Radio. Publisert 15. september 2009
I sametingsvalet i 2009 stilte han til val for partiet Ofelaš (Vegvisaren) i Austre valkrins«Jánoš Trosten» på nettstaden til NRK Sameradioen, men han vart ikkje innvald.
Referansar
Bakgrunnsstoff Presentasjon av Jánoš Trosten på nettstaden til Det norske sametinget
Kategori:Folk frå Nesseby Kategori:Samiske politikarar Kategori:Sametingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Sametingsrepresentantar 2001-2005