Gary Michael Stevens () er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Barrow-in-Furness som 1982-88 var høgreback på det suksessrike Everton-laget og sidan hadde lokal suksess med Rangers FC.
Karriere Klubbspel Stevens debuterte for Everton FC vinteren 1982. I mai 1984 vann han sitt fyrste trofe med klubben då det vart siger 2-0 over Watford FC i FA-cupfinalen. Sesongen etter var Everton heile suverene i kampen om ligameisterskapen, slo toaren Liverpool FC med heile 13 poeng. Everton tok seg også til finalen i cupvinnarcupen, der laget den 15. mai i Rotterdam vann med 3-1 over Rapid Wien. Sesongen 1986/87 tok Everton FC ein ny ligatittel framom byrival Liverpool FC, då med 9 poengs skilnad. Sommaren 1988 vart Stevens overført til skotske Rangers FC mot 1,25 millionar pund. Med laget frå Glasgow vann han seks rake ligameisterskap 1989-94 og den skotske cupfinalen 1992 med 2-1 mot Airdrieonians. I september 1994 gjekk turen til Tranmere Rovers, mot 350 000 pund. Han spelte jamt på det engelske nivå 2-laget til han la opp i 1998.
Landslagsspel Stevens debuterte for England sitt landslag i juni 1985 og spelte sin 46. og siste landskamp temmeleg nøyaktig sju år seinare, utan nokon gong å kome på skåringslista. Han deltok i alle Englands fem kampar i Fotball-VM 1986 og alle tre i EM i fotball 1988. Under verdsmeisterskapen i 1990 spelte han opningskampen til England, men kom ikkje på bana att før i bronsefinalen mot arrangørlandet Italia, der det vart engelsk tap 1-2.
Merittar Vinnar av cupvinnarcupen: 1985 med Everton FC Engelsk ligameister: 1985 og 1987 med Everton FC Vinnar av FA-cupen: 1984 med Everton FC Skotsk ligameister: 1989, 1990, 1991, 1992, 1993, 1994 med Rangers FC Skotsk cupmeister: 1992 med Rangers FC Finalist i den ngelske ligacupen: 1984 med Everton FC
Stevens utvandra i 2011 til Perth i Australia.
Kjelder
eu-football Denne artikkelen bygger på «Gary Stevens (footballer, born 1963)» frå , den 27. september 2018.
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Everton-spelarar Kategori:Rangers-spelarar Kategori:Tranmere-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Folk frå Barrow-in-Furness