Astrid Sverresdotter Dypvik () er ei norsk målkvinne, avismedarbeidar og forfattar frå Lensvik i Agdenes kommune (no busett i Oslo). Ho var leiar i Norsk Målungdom 2000-2002. Frå 2021 er ho redaktør for tidsskriftet Syn og Segn.
Under hennar leiartid arbeidde Norsk Målungdom særleg for å få dataprogram på nynorsk, og organiserte mellom anna (saman med Elevorganisasjonen) Elevstreik for nynorsk data 28. september 2000, der 30 000 elevar streika.
Dypvik har mastergrad i historie frå Universitetet i Oslo på ei oppgåve om Bund der Vertriebenen.Astrid Sverresdotter Dypvik Ein posisjon bortanfor : Bund der Vertriebenen og diskusjonen om opprettinga av Zentrum gegen Vertreibungen 2002-2005 Masteroppgave i historie - Universitetet i Oslo, 2007 Ho har skrive to bøker om tysk etterkrigshistorie. I 2012 gav ho ut Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land som fortalde den 40-årige historia til DDR gjennom skjebnene til enkeltpersonar, både dei som tilhøyrde regimet og maktapparatet og dei som blei offer for detnrk.no Gripende om DDR andmeldelse av boka Det var DDR skrevet av Knut Hoem 28.09.2012Dag og tid Glitrande om DDR andmeldelse av boka Det var DDR skrevet av Pål H. Bakka 05.10.2012fortid.no Det var DDR anmeldelse av Morten Haave 07.12.2013 Boka blei nominert til prisen beste sakprosabok for vaksne.kritikerlaget.no Beste sakprosabok for voksne 2013 I 2017 gav ho ut Berlinhistorier : kald krig i den delte byen. Boka er sett saman av tolv personlege historier frå Berlin om menneske som på kvart sitt vis deltok i den kalde krigen frå opprettinga av DDR-staten i 1949 frem til Berlinmuren fall.
Som journalist har ho mellom anna skrive for Morgenbladet, Klassekampen, Dag og Tid og Nationen. Ho har vore debatt-og kronikkredaktør i Klassekampen, og redaksjonsmedarbeidar i historietidsskriftet Fortid.
Bøker 2012 – Det var DDR : Forteljingar om eit nedlagt land – sakprosa 2017 – Berlinhistorier : kald krig i den delte byen
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Astrid Sverresdotter Dypvik» frå , den 22. november 2020.
Kategori:Leiarar av Norsk Målungdom Kategori:Målfolk Kategori:Journalistar i Klassekampen Kategori:Folk frå Agdenes