Dog of Two Head er det fjerde studioalbumet til rockegruppa Status Quo, gjeve ut på Pye Records i 1971. Bandet bestod då av Francis Rossi (omtalt på omslaget som Mike Rossi), Rick Parfitt (omtalt som Ritchie Parfitt), Alan Lancaster og John Coghlan (omtalt som John Coughlan).

I mars 1971 gav bandet ut ein singel som ikkje var på med på albumet, «Tune to the Music» skriven av Rossi/Young. Singelen vart ikkje ein hit. Bandet sette seg så ned for å skrive musikk til eit nytt album. Eit par av songane, som opningssporet «Umleitung» var skriven attende i 1970. Albumet kom ut november 1971.

Ein singel frå albumet, «Mean Girl» av Rossi og Young, nådde 20. plassen på den britiske singellista i april 1973, etter at dei hadde fått sin tredje topp ti-singel der med «Paper Plane» frå det neste albumet deira, Piledriver.

Då «Mean Girl» gjekk inn på lista, valde plateselskapet å gje ut enno ein singel frå dette albumet: ei nyinnspeling av «Gerdundula», B-sida til singelen deira «In My Chair» frå 1970. Denne kom ut i juli 1973, men gjekk ikkje inn på salslista. B-sida til denne singelen var «Lakky Lady» av Rossi og Parfitt, frå det førre albumet deira, Ma Kelly's Greasy Spoon.

Innhald

Medverkande Francis Rossi - sologitar, akustisk gitar, solovokal Rick Parfitt - rytmegitar, akustisk gitar, piano, korvokal, andre solovokal på «Railroad» Alan Lancaster - bass, gitar John Coghlan - trommer, perkusjon

Andre medverkande

Bob Young - munnspel Bruce Foster - piano Grass - korvokal på «Nanana»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dog of Two Head» frå , den 3. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Status Quo-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Pye Records-album Kategori:Album produserte av John Schroeder