mini|Lokomotiv på Thamshavnbanen

Salvesen & Thams lokomotiv 1–3 er tre elektriske lokomotiv bygde for Chr. Salvesen & Chr. Thams's Communications Aktieselskab av British Westinghouse Electrical and Manufacturing Company i Manchester (det elektriske) og W.G. Bagnall i Stafford (det mekaniske) til opninga av Thamshavnbanen i 1908, levert gjennom Elektrisk Bureau i Kristiania. Dei vert rekna blant dei fyrste vellukka ein-fasa vekselstraumslokomotiva i verda.

Alle tre lokomotiva vart skadde i sabotasjeaksjonar under andre verdskrigen, men dei vart bygde opp att, to lok av delar frå alle tre som vart gjevne nummera 2 og 3. Dei vart brukte i persontog fram til neste generasjon med kraftigare lokomotiv overtok i 1950, og etter det i skifteteneste fram til 1963. Nummer 2 vert i dag nytta i museumstog på banen.

Nr. 3 «Ohma Electra» Lokomotiv nummer 3 vart overteke av linjeforeninga Sanctus Omega Broderskab ved Noregs tekniske høgskule (NTH), i dag Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Det kom til Gløshaugen torsdag 14. september 1972 ved 15-tida, og vart døypt «Ohma Electra» i samband med Phaestum Immatricularus den 21. september.

Det står der på ein 20 meter lang skinnegang av trikkeskjener og er enno køyrbart, men får straum frå ein kabel festa til ei skinne og ikkje frå pantografen på taket.

«Ohma Electra» er, saman med sitt systerlokomotiv nr. 2, verdas eldste ein-fasa vekselstraumslokomotiv som er operative.

Linjesamskipnaden AF Smørekoppen har òg eit lokomotiv på Gløshaugen, med namn D/L «Bjørkelangen». Dette er eit damplokomotiv levert til Urskog–Hølandsbanen i 1924.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Salvesen & Thams lokomotiv 1–3» frå , den 9. oktober 2018.

Litteratur

desember 1973. s.  

Kategori:Lokomotiv 1–3