Zig-Zag Walk er det 12. studioalbumet til den britiske hardrockgruppa Foghat, gjeve ut i 1983. I motsetnad til In the Mood for Something Rude frå året før, der alle songane var coverlåtar, skreiv frontmannen Dave Peverett fem av dei ti songane på albumet, medan gitaristen Erik Cartwright skreiv éin. Eit par av songane vart spelt inn i rockabillystil. Dette vart det siste albumet til bandet på over eit tiår, før comebacket deira med Return of the Boogie Men i 1994.

Produsenten «Franz Leipkin» og klaverspelaren «Eli Jenkins» er pseudonym for den gamle bandkollegaen Nick Jameson, som hadde spelt i Foghat i 1975 og produsert fleire av Foghat sine album på den tida. Paul Butterfield spelte munnspel på «Seven Day Weekend».

Innhald

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zig-Zag Walk» frå , den 12. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:Foghat-album Kategori:Bearsville Records-album Kategori:Rhino Records-album