mini|Hovudbygningen til Vesterheim, som ligg sentralt i Decorah Vesterheim, The National Norwegian-American Museum & Heritage Center er eit norsk-amerikansk museum og kultursenter i Decorah i Iowa. Det blei skipa i 1877. Samlinga omfattar over 33 000 gjenstandar og 12 historiske bygningar. Senteret har også skule, bibliotek og arkiv.
Ein av initiativtakarane til museet var historikaren Knut Gjerset.
Bygningar venstre|mini|Painter-Bernatz Mill venstre|mini|Kyrkja frå landsbygda i Northwood i Nord-Dakota, og flytta til museet i 1992. På altertavla står det «Herre Frels Mig» (Herre frels meg) høgre|mini|«Vedkubbe-huset», The Stovewood House, eller Norris Miller House
ei restaurert kornmølle, Painter-Bernatz Mill stove med husmannsplassarkitektur, Haugan House eit hus flytta frå Øystre Slidre, Valdres House «Vedkubbe-huset», The Stovewood House eller Norris Miller House. Veggene er i stor grad bygde av vedkubbar og mørtel. ei luthersk kyrkje, Bethania Lutheran Church Ei tømmerhytte med tilknyting til teologen Ulrik Vilhelm Koren. Egge-Koren House vart bygd i 1852 av Eirik Egge søraust for Decorah. Koren budde i hytta den fyrste vinteren han var i USA. Han blei seinare leiar for Den norske Synode.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Decorah Kategori:Norsk-amerikansk kultur Kategori:Museum i Iowa Kategori:Skipingar i 1877 Kategori:Norsk-amerikansk historie