Farewell, Angelina er det sjette albumet til den amerikanske visesongaren Joan Baez, gjeve ut seint i 1965. Det nådde tiandeplassen på Billboard Pop Albums-lista.
Historie Albumet representerte eit lenger steg bort frå rein, tradisjonell folkemusikk, som Baez hadde byrja karrieren med, og for første gongen nytta ho elektrisk akkompagnement i form av Bruce Langhorne sin elektriske gitar (som likevel er forsiktig). Andre medverkande var Russ Savakus (bass) og Ralph Rinzler (mandolin). Albumet inneheld fire songar av Bob Dylan, inkludert tittelsongen og «A Hard Rain's A-Gonna Fall», og ein tyskspråkleg versjon av «Where Have All the Flowers Gone».
Biletet på plateomslaget vart teken av Richard Avedon.
I Storbritannia vart tittelsporet gjeve ut på singel på Fontana Records.
Utgåva frå 2002 på Vanguard inneheld tre bonusspor som ikkje var gjevne ut før frå innspelinga til Farewell, Angelina: «One Too Many Mornings», «Rock, Salt, and Nails» og «The Water Is Wide».
Ettermæle
I ei seinare melding for Allmusic skreiv Bruce Eder om korleis Baez gjekk i retning av folkrocken i 1960-åra. Han meinte at i tillegg til Baez, inneheldt albumet solid arbeid av Langhorne og Richard Romoff på kontrabass.
Innhald
Medverkande Joan Baez – vokal, gitar Bruce Langhorne – elektrisk gitar (2, 3, 6, 7, 11) Ralph Rinzler – mandolin (7) Richard Romoff – kontrabass (4, 10) Russ Savakus – bass
Salslister
Liste (1965)Plassering
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Farewell, Angelina» frå , den 15. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:Joan Baez-album Kategori:Album produserte av Maynard Solomon Kategori:Vanguard Records-album