Kim Melius Flyvholm Larsen () var ein dansk songar, songskrivar, gitarist, forfattar og skodespelar med lærarbakgrunn. Bakgrunn Larsen var son Eva Flyvholm Olsen og læraren Alfred Larsen. Familien stamma frå Fyn, og Kim vart døypt i Valgmenighedskirken i Kerteminde, der morfaren hans var degn. Kim hadde òg ein eldre bror, Tore.Lund, Jakob D.; Rewers, Peter (2011). "Med Hjertet som kompas". Solisten: Historien om Kim Larsen. Gyldendal. ISBN 9788702112276 Ekteskapet til foreldra varte til Kim var omtrent fem år gammal."Stadig tid til en gammel hankat". Ritzaus Bureau. København: Ritzaus Bureau. 20. oktober 2015 Då forlét foreldra kvarandre. Mora tok med seg ungane og flytta inn i ei lita leilegheit i Mågevej i København. Seinare byrja Kim på Frederikssundsvejens Skole.

Som tolvåring byrja han å spela piano, og på fjortenårsdagen fekk han sin første gitar. Forbileta hans på den tida var artistar som Elvis Presley, Little Richard, Jerry Lee Lewis og Cliff Richard, i tillegg til The Beatles.

Kim Larsen studerte ved Frederiksberg seminarium og arbeidde i åra 1968 og 69 som lærar ved Gerbrandskolen på Amager ved København.Bundgaard 2011, s. 40 Etter kvart bestemte han seg for å verta musikar på heiltid, og danna saman med Franz Beckerlee, Wili Jönsson og Bjørn Uglebjerg rockegruppa Gasolin'. Uglebjerg forlét gruppa og vart erstatta av Søren Berlev i 1971, før Gasolin' gav ut det første albumet sitt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kim Larsen» frå , den 19. oktober 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Danske musikarar Kategori:Folk frå København Kategori:Personar med verk i den danske kulturkanonen