Gracias a la Vida (med undertittelen Joan Baez canta en español) eller Here's to Life: Joan Baez sings in Spanish er eit studioalbum frå 1974 gjeve ut av Joan Baez. Det inneheld hovudsakleg songar spelte inn på spansk (og ein song på katalansk). Baez sa på den tida at ho gav ut albumet som ei «melding om håp til chilenarane som leid under Augusto Pinochet» etter dødsfallet til Salvador Allende. Baez er kjend for kritikken sin av USA-amerikansk innblanding i latinamerikansk politikk, og har turnert og arbeidd for å betre menneskerettar i regionen. Her finn ein songar av dei chilenske musikarane Victor Jara (som vart torturert og drepen etter statskuppet i 1973) og Violeta Parra, som skreiv tittelsporet. Songane kom frå land som Mexico, Cuba, Chile og Spania.
Ein meir livleg versjon av «Dida» kom ut på albumet Diamonds & Rust, året etter.
Albumet selde moderat i USA, men vart ein særs stor suksess i Latin-Amerika.
Innhald
Medverkande Joan Baez - solovokal, akustisk og klassisk gitar Tommy Tedesco - sologitar Jim Hughart - kontrabass Lalo Lindgron - munnspel Tom Scott - fløyte, treblåseinstrument, strykearrangement Mariachi Uclatlan (4, 8) Rondalla Amerindia (13) Edgar Lustgarten - cello Milt Holland - perkusjon Joni Mitchell - vocalimprovisasjon (7) Jackie Ward Singers, Sally Stevens, Andrea Willis - korvokal (12)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gracias a la Vida (album)» frå , den 22. oktober 2018. oppgav desse kjeldene: Farber, Nancy (1974). «Joan Baez: Singing of fewer causes now». People Magazine 4/29/74;54-57.
Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Joan Baez-album Kategori:A&M Records-album Kategori:Album produserte av Henry Lewy Kategori:Album spelte inn i A&M Studios