Ultrahøg frekvens (UHF) er elektromagnetisk stråling i området mellom 300 MHz og 3 GHz. Det har ei bølgjelengd på 0,1–1 meter.
Øvre delen av ultrahøg frekvens ligg i mikrobølgeområdet.
Teknologi UHF band III og IV skal brukast for det nye Digitale bakkenettet (TV). Frekvensområdet for desse er 470–790 MHz.
Nordisk mobiltelefon (NMT) nytta eit band nær 450MHz, og hadde lengre rekkjevidd enn dagens mobiltelefonar med GSM-kommunikasjon på 900 og 1800 MHz.
IEEE 802.11 b og g "wi-fi (sjå Trådlaust lokalt datanett) er òg innanfor UHF. Frekvensen på desse er 2,4 GHz.
Mikrobølgeområdet Øvre del av UHF ligg i mikrobølgeområdet. Ein vanleg mikrobølgeovn ligg som regel rundt 2450 MHz. +MikrobølgebandaNemningFrekvensområdeL-bandet1 til 2 GHzS-bandet2 til 4 GHzC-bandet4 til 8 GHzX-bandet8 til 12 GHzKu-bandet12 til 18 GHzK-bandet18 til 26 GHzKa-bandet26 til 40 GHzQ-bandet30 til 50 GHzU-bandet40 til 60 GHzV-bandet50 til 75 GHzE-bandet60 til 90 GHzW-bandet75 til 110 GHzF-bandet90 til 140 GHzD-bandet110 til 170 GHz Det er her viktig å leggja merke til at det er berre L-bandet og halve S-bandet som ligg innanfor UHF. Resten ligg i SHF eller EHF.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ultrahøy frekvens» frå , den 27. oktober 2018.
Referansar
Kategori:Radioteknologi Kategori:Radiospekter