«Lily of the West» er ei tradisjonell irsk folkevise, mest kjend i dag som ei amerikansk folkevise. Den amerikanske versjonen handlar om ein mann som reiser til Louisville og forelskar seg i kvinna Mary, Flora eller Molly, som er Lily of the West (Vestens lilje). Han tek Mary i å vere utru mot han og i raseri knivstikk han mannen ho er med, og vert så fengsla. Trass i dette elskar han henne framleis. I den originale versjonen vitnar ho til forsvaret hans og han vert sleppt fri, men dei held ikkje fram forholdet.
Songen er blitt spelt inn av The Chieftains med vokal av Mark Knopfler og i ein annan versjon med vokal av Rosanne Cash. Joan Baez spelte inn songen i 1961 på det andre albumet hennar. Bob Dylan, Bert Jansch, Josh Andrews, The Flash Girls, Caroline Groussain, Sheri Kling, Show of Hands, Peter, Paul and Mary (som «Flora»), Crooked Still, Dirty Linen, Branimir Štulić (på kroatisk kalla «Usne vrele višnje») og Pat Gubler har alle spelt songen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lily of the West» frå , den 15. november 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff The Lily of the West, noteark frå kring 1860
Kategori:USA-amerikanske folkeviser Kategori:Irske folkeviser Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Joan Baez-songar Kategori:Mark Knopfler-songar Kategori:Peter, Paul and Mary-songar Kategori:The Chieftans-songar Kategori:Rosanne Cash-songar Kategori:Bert Jansch-songar