mini|Mokkabønner produsert av Freia, frå ei øskje «Dessert Sjokolade». Mokkabønner er eit sjokoladeprodukt laga av mørk sjokolade smaksett med kaffi og forma som kaffibønner.

venstre|mini|Mokkabønner frå godteriprodusenten Nidar. mini|Mokkabønner, kremtopper, kulemarsipan og annan konfekt utstilt i ein butikk i Tønsberg 2017.

Produktet blei først lansert på den norske marknaden i 1917 av produsenten Bergene. I mellomkrigstida blei mokkabønner selde av fleire føretak, som Nidar, Bergene, Asola og Erbe. Etter fleire samanslåingar blei Nidar den einaste mokkabønneprodusenten.

Namnet viser til kaffi frå Mokka, ein hamneby i Jemen som er kjend for sine kaffibønner med sjokoladesmak.

Kjelder

Kategori:Norske sjokoladeprodukt Kategori:Nidar-produkt Kategori:Skipingar i 1917