«Mozambique» er ein song skriven av Bob Dylan og Jacques Levy og gjeven ut i 1976 på albumet Desire. Han vart òg gjeven ut på singel og nådde 54. plassen på Billboard Hot 100.

Bakgrunn Då songen kom ut hadde landet Mosambikk nettopp kome ut av ein ti år lang krig mot Portugal som førte til at Mosambikk fekk sjølvstende. Mosambikk vart sjølvstendig den 25. juni 1975, berre ein månad før songen vart spelt inn. Som følgje av dette såg somme støttespelarar songen som støtte til det nye landet. Teksten i songen støttar derimot ikkje ei slik tolking, og omtalar berre landet som ein stad for ein romantisk ferie i sola, utanom ein liten referanse til «folket som lever fritt». Dette mora fansen til Dylan som forstod satiren.

Eit konsertopptak av songen vart sendt på fjernsynsutgåva av Hard Rain, men kom ikkje med på albumet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mozambique (song)» frå , den 29. november 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Songar skrivne av Jacques Levy Kategori:Songar produserte av Don DeVito Kategori:Columbia Records-singlar