«Sweetheart Like You» er ein song av Bob Dylan som kom ut i 1983 på albumet Infidels. Songen vart spelt inn 18. april 1983 og kom ut på singel i desember 1983 med «Union Sundown» som B-side.

«Sweetheart Like You» nådde 55. plassen på Billboard Hot 100 den 28. januar 1984, og låg på lista i totalt ni veker. Songen gjekk òg inn på ARIA-lista i Australia, der han nådde 74. plassen.

Det vart laga musikkvideo til songen med Steve Ripley og Carla Olson. Fram til no (2018) har Dylan aldri spelt songen på konsert.

Medverkande I tillegg til Dylan spelar Mark Knopfler og Mick Taylor gitar på songen, Alan Clark spelar klaverinstrument, Robbie Shakespeare er på bass og Sly Dunbar spelar trommer.

Mottaking Rolling Stone rangerte songen på 75. plassen på lista si over dei 100 beste Bob Dylan-songane, og kåra songen til ein av dei beste songane hans frå 1980-åra. Dei omtalte songen som «den typen kjærleikssong som berre Bob Dylan kan skrive».

Songen fekk kritikk for tekstlinja «a woman like you should be at home/That's where you belong» («ei kvinne som deg skulle vore heime/Det er der du høyrer til») I samanheng med resten av teksten er det klart at det er ei kvinne som går på gata og som Dylan syng heller burde vere heime.

Andre versjonar Craig Finn frå The Hold Steady spelte inn songen på hyllestalbumet Bob Dylan in the 80s: Volume One. Songen er òg blitt spelt av artistar som Rod Stewart, på albumetA Spanner in the Works. Songen er med i skodespelet Girl from the North Country.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sweetheart Like You» frå , den 3. desember 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar produserte av Mark Knopfler Kategori:Columbia Records-singlar