mini|Vánočka Vánočka (tsjekkisk) eller vianočka (slovakisk) er eit søtt flettebrød som tradisjonelt blir laga til jul i Tsjekkia og Slovakia. Det blir bakt med mykje egg og smør, som brioche, og kan også ha sitrusskal, anis, rom, rosiner eller anna tørka frukt og mandlar i deigen. Brødet har namn etter jul, som heiter vánoce på tsjekkisk og vianoce på slovakisk.
Soge Spesielle julebrød som var fletta eller kileforma blei omtalte rundt 1400 av benediktinarmunken Jan av Holešov i hans avhandling om jula. Han tolka brødet som eit symbol på jesusbarnet sveipt i klede.
Vánočka blei omtalt på 1500-talet som ei matvare berre bakarar som tilhøyrde eit laug fekk lov til å laga. På 1700-talet byrja folk å laga brødet heime.
Tillaging mini|venstre|Vánočka før steiking
Vánočka er ein gjærdeig laga med smør, sukker, eggeplommer og mjølk. I tillegg kan ein tilsetja sitronskal, vanilje, stjerneanis, muskat, rosinar og mandlar. Før steiking glaserer ein brødet med egg.
Brødet kan flettast med ulike tal delar. Ein kan bruka tre deigtrådar som blir gradvis tynnare, men kan også fletta med fleire trådar, som fem, seks eller ni.
Skikkar mini|Oppskoren vánočka
Vánočka blir rekna som vanskeleg å baka. Det finst ulike skikkar knytt til tillaginga, som at ein må unngå å røra deigen med metall, ha på eit kvitt forkle og hovudtørkle, ikkje kan snakka under bakinga, eller at ein skal hoppa opp og ned medan deigen hevar. Ein annan skikk er å tenka på alle ein er glad i under bakinga. Ein kunne også baka inn ein penge i brødet. Dersom brødet brende eller blei brote var det eit dårleg teikn.
Når brødet var klart skulle ein gjerne gje det første stykket til husbonden for å få god kornavling neste år. Nokre stader kunne ein også gje bitar av brødet til husdyr for å verna dei mot sjukdom og vonde makter. Elles var det vanleg å servera stykke av brødet etter julemiddagen julaftan. Den som fant pengen i brødet ville få lukke og god helse i det komande året.
Liknande rettar og variantar Brødet kan minna om andre austeuropeiske søte brød, som jødisk challah, polsk chałka eller ungarsk fonott kalacs.
Brød av same type deig, men ulik form, blir laga til påske. Desse blir kalla mazanec eller velikonoční bochánek.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Vánočka» frå , den 9. desember 2018.
Bakgrunnsstoff
Oppskrifter ved recepty.cz (på tsjekkisk)
Vanocka Recipe - Traditional Czech Christmas Sweet Bread ved bloggen Cocoa & Heart
Kategori:Slovakisk mat Kategori:Tsjekkisk mat Kategori:Flettebrød Kategori:Søte brød Kategori:Julemat