Andreas Henrik Heiberg () var ein norsk lækjar og stortingsmann, fødd i Bergen.
Heiberg var son til ein prokurator. Sjølv tok han norsk medisinsk eksamen i 1842 og var den fyrste eksaminanden som fekk kandidatplass på Rikshospitalet i Christiania. 1843-45 var han distriktslækjar i Hadeland og Land. Frå 1846 var han busett i Moss, der han var privatlækjar til han i 1855 overtok som kommunelækjar. Til sist var han distriktslækjar der frå 1863.
Heiberg var i 10 år medlem i Moss bystyre og i 3 år forlikskommissær. Han representerte Moss og Drøbak på stortinget 1857 og omframtstortinget 1858, og på Stortinget 1859-60. I 1857 var han medlem i Budsjettkomiteen, 1859-60 var han sekretær i Odelstinget og i Protokollkomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Norske legar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå Moss