In Concert – Brandeis University 1963 er eit konsertalbum av den amerikanske visesongaren Bob Dylan frå Brandeis Folk Festival ved Brandeis University i Waltham i Massachusetts, den 10. mai 1963.

Eit lydband med konserten vart funnen i kjellaren til kritikaren Ralph Gleason frå San Francisco, som var med å skipe magasinet Rolling Stone, etter Gleason var død. Lydbandet vart restaurert og gjeve ut i 2010 på Columbia Records. Det vart selt som ei bonusplate av Amazon.com med anten The Bootleg Series Vol. 9 – The Witmark Demos: 1962-1964 eller The Original Mono Recordings i ei avgrensa tid etter desse kom ut. Albumet vart offisielt gjeve ut den 12. april 2011 i USA, og ein dag tidlegare i Europa.

Innhald

Kjelder Denne artikkelen bygger på «In Concert – Brandeis University 1963» frå , den 19. desember 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Konsertalbum frå 2011 Kategori:Konsertalbum av Bob Dylan Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album spelte inn på Brandeis University