The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete er eit samlealbum av kjellarinnspelingane til Bob Dylan og gruppa som kom til å bli kjend som The Band frå 1967, utgjeve Legacy Records 3. november 2014. Det er den niande utgjevinga av Bob Dylan Bootleg Series og den komplette utgåva kom ut på seks CD-plater, medan eit utval av samlinga kom på to CD-plater under tittelen The Basement Tapes Raw.

Innspelingane vart i fleire tiår rekna som «den heilage gralen» for musikksamlarar og Dylan-fansen, og har blitt mykje piratkopiert i forskjellige format gjennom åra. Den første piratkopiplata var utan tvil den første av sitt slag i rocken, kalla Great White Wonder, gjeve ut i juli 1969. The Basement Tapes Complete er første gongen alle innspelingane er offisielt gjevne ut, med 138 spor der 117 av dei ikkje er gjevne ut før. Av desse er 23 spor alternative opptak, slik at det er 115 forskjellige songar i samlinga, der det finst to eller tre forskjellige opptak av somme av dei. The Basement Tapes Complete vart kritikarrost og godt motteke av fansen, og vann Grammyprisen for beste historiske album.

Notata i omslaget til The Bootleg Series Vol. 11 er skrivne av Sid Griffin, ein amerikansk musikar og forfattar av Million Dollar Bash: Bob Dylan, The Band, and The Basement Tapes.

Innspelingshistorie mini|left|«Big Pink», staden der The Basement Tapes vart spelt inn. Kjellarinnspelingane vart gjort i 1967, då Dylan hadde trekt seg attende til Woodstock etter ei motorsykkelulukke han vart utsett for 29. juli 1966. Innspelinga byrjar i eit arbeidsrom kalla «The Red Room» i heimen til Dylan, før dei flytta til eit improvisert studio i kjellaren på huset Big Pink, der Rick Danko, Richard Manuel og Garth Hudson budde. Innspelinga varte omtrent frå mai til oktober 1967. I oktober 1967 vart eit demolydband på fjorten songar registrert for opphavsretten og komposisjonane vart registrerte i Dwarf Music, eit songforlag som Dylan og manageren hans Albert Grossman eigde i lag. Acetat-plater og lydband av songane sirkulerte så blant artistar som var interesserte i å spele inn songane.Songane på demoen var: «Million Dollar Bash», «Yea! Heavy and a Bottle of Bread», «Please Mrs. Henry», «Down in the Flood», «Lo and Behold», «Tiny Montgomery», «This Wheel's on Fire», «You Ain't Goin' Nowhere», «I Shall Be Released», «Tears of Rage», «Too Much of Nothing», «The Mighty Quinn», «Open the Door, Homer» og «Nothing Was Delivered» (). Dylan har omtalt det kommersielle presset bak desse kjellarinnspelingane i 1969 i eit intervju med Rolling Stone: «Dei var ikkje demoar for meg sjølv, dei var demoar av songane. Eg vart pressa attende til å kome opp med somme songar. Du veit korleis det der.».

Peter, Paul and Mary fekk den første hitten med ein av kjellarsongane då dei spelte inn «Too Much of Nothing» som nådde 35. plassen på Billboard-lista seint i 1967. Ian & Sylvia, som òg hadde Grossman som manager, spelte inn «Tears of Rage», «Quinn the Eskimo» og «This Wheel's on Fire». I januar 1968 gjekk Manfred Mann til topps i Storbritannia med innspelinga si av «The Mighty Quinn». I april vart «This Wheel's on Fire» spelt inn av Julie Driscoll, Brian Auger and the Trinity og nådde femteplassen på den britiske lista. Same månaden vart ein versjon av «You Ain't Goin' Nowhere» av The Byrds gjeven ut på singel. I lag med «Nothing Was Delivered», kom han òg ut på countryrock-albumet Sweetheart of the Rodeo, gjeven ut i august. The Hawks, som no tok namnet The Band, spelte inn «This Wheel's on Fire», «I Shall Be Released» og «Tears of Rage» for debutalbumet Music from Big Pink, gjeve ut i juli 1968. Fairport Convention spelte «Million Dollar Bash» i 1969 på albumet deira Unhalfbricking.

I juli 1969 dukka den første piratkopiplata opp i California, kalla Great White Wonder. Det doble albumet inneheldt sju songar frå Woodstock-innspelinga, i tillegg til somme tidlege Dylan-innspelingar han hadde gjort i Minneapolis i desember 1961 og eitt spor frå The Johnny Cash Show. Prosessen med å piratkopiere musikken til Dylan kom til å føre til hundrevis av ulovlege utgjevingar av konsert- og studioopptak, og Recording Industry Association of America skildra Dylan som den mest piratkopierte artisten i musikkhistorien.

Kjellarinnspelingane danna grunnlaget for ei offisiell utgjeving i 1975, The Basement Tapes. Dette albumet vart kritisert av Dylan-kritkaren Michael Gray fordi det òg inneheldt innspelingar av Band sine eigne songar, og fordi viktige Dylan-songar ikkje var med i utvalet. I tillegg til den offisielle utgjevinga, er meir enn hundre innspelingar frå kjellarinnspelingane gjevne ut på piratkopiplater, katalogisert av Greil Marcus i boka Invisible Republic: Bob Dylan's Basement Tapes (1997), og av Sid Griffin i Million Dollar Bash: Bob Dylan, the Band, and the Basement Tapes (2007).

The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete presenterer dei originale innspelingane, og set dei i omtrentleg kronologisk rekkjefølgje. Garth Hudson, organisten i The Hawks, hadde teke vare på dei originale lydbanda. Han tok dei med seg til Jan Haust og Peter J. Moore som restaurerte og digitaliserte dei for denne utgjevinga. Dette arbeidet gav dei ein nominasjon for Grammyprisen for beste historiske album.

Mottaking

The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete fekk utelukkande positive meldingar frå kritikarane. På samlenettsida Metacritic har The Basement Tapes Complete ein score på 99 av 100, basert på 18 meldingar.

For AllMusic av Stephen Thomas Erlewine samlinga fem av fem stjerner og skreiv «Det som er det vedunderlege med The Basement Tapes er at musikken vart laga utan forventning om at nokon andre utafor ein liten sirkel nokon gong skulle høyre det.» Magasinet Paste gav albumet ti av ti og kalla det «noko av den mest dristige, kreative og verkeleg vakre musikken som nokon gong er spelt inn».Douglas Heselgrave, Bob Dylan and The Band: The Basement Tapes Complete Review 11. november 2014

I meldinga si for American Songwriter gav Jim Beviglia albumet fem av fem stjerner og skreiv: «Musikkfans som har fått tilgang til det komplette arkivet av The Basement Tapes kan samanliknast med historikarar som har fått tak i lydband av Continental Congress eller kunsttilhengjarar som har fått eit videoopptak av Da Vinci som måler Den siste nattverda.»Jim Beviglia, Bob Dylan & The Band: The Basement Tapes Complete October 31st, 2014

Innhald

The Basement Tapes Complete Alle songar er skrivne av Bob Dylan, utanom der andre er nemnde. Tradisjonelle songar er arrangerte av Dylan.

The Basement Tapes Raw I tillegg til «Complete»-utgåva kom det ut ei dobbeltplate med høgdepunkta frå samlinga.

Medverkande Bob Dylan – akustisk gitar, munnspel, piano, vokal Rick Danko – bassgitar, vokal Garth Hudson – orgel Richard Manuel – piano, trommer, vokal Robbie Robertson – elektrisk gitar, trommer, vokal Levon Helm – trommer, vokal (utvalde spor, ukjend)

Fotnotar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete» frå , den 22. desember 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Samlealbum frå 2014 Kategori:Samlealbum av Bob Dylan Kategori:The Band-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Demoalbum Kategori:Plateomslag av Bob Dylan