mini|Phil Neville i 2018

Philip John Neville () er ein engelsk fotballspelar og -trenar frå Bury, sidan 2018 landslagssjef for Englands kvinnelandslag. Han er særleg kjend for sine 10 år som Manchester United-spelar, ein fotballklubb han vann seks ligatitlar, tre FA-cupfinalar og Meisterligaen 1999 med. Gary Neville er hans eldre bror.

Spelar mini|Phil Neville i United-drakt

Klubbspel Neville fekk sin ligadebut med Manchester United i 1995. Tiårsperioden 1995-2005 var han jamnt med i fyrsteellevaren til det engelske storlaget, utan nokon gong å ha ei sentral rolle i laget. Han spelte oftast sideback, men vart også nytta i defensive midtbaneroller. Våren 1996 vart han ligameister, og han spelte heile kampen då Liverpool FC vart slått i FA-cupfinalen. Året etter vart han ligameister på ny, sameleis i 1999 og 2000. Våren 1999 opplevde han den historiske trippeltriumfen til Manchester United, spelte heile FA-cupfinalen, derimot vart han sitjande på innbytarbenken då laget hans vann meisterligafinalen mot Bayern München. Neville deltok i 252 ligakampar for Manchester United, skåra einast 5 ligamål.

Sommaren 2005 vart Neville overført til Everton FC. Her fekk han meir speletid, med fast plass på fyrstelaget, og i fleire sesongar lagkaptein. Ved sesongslutt i 2013 la han fotballskorne på hylla, etter 242 ligakampar og 4 mål for laget frå Liverpool.

Landslagsspel Perioden 1996-2007 deltok Neville i 59 landskampar for England, heile 23 av dei som innbytar. Han var med i EM-troppa både i 1996, 2000 og 2004. Under europameisterskapen på heimebane i 1996 fekk han ikkje speletid, derimot spelte han 3 EM-kampar i 2000 og 2 i 2004. Han makta aldri kome på skåringslista.

Merittar Vinnar av meisterligaen: 1999 med Manchester United Engelsk ligameister: 1996, 1997, 1999, 2000, 2001, 2003 med Manchester United Vinnar av FA-cupen: 1996, 1999, 2004 med Manchester United

Trenar Etter han la opp, har Neville hatt ulike trenaroppdrag i England og Spania. Tidleg i 2018 tok han over som landslagssjef for det engelske kvinnelandslaget.

Kjelder

eu-football Denne artikkelen bygger på «Phil Neville» frå , den 6. januar 2019.

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Engelske fotballtrenarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Everton-spelarar