So Far er eit samlealbum av Crosby, Stills, Nash & Young. Det nådde toppen av Billboard Top Pop Albums-lista, det tredje albumet deira på rad som klarte dette. Det har seld til 6x platinaplate i USA og er det nest bestseljande albumet deira etter Déjà Vu.

Innhald Albumet inneheld fem av dei seks singlane dei hadde gjeve ut til då, og utelet «Marrakesh Express». Det var første gongen singelen «Ohio» kom ut på eit album, i tilegg til B-sida «Find the Cost of Freedom». Dei andre fem spora var henta frå dei to studioalbuma deira, Crosby, Stills & Nash og Déjà Vu.

Dei elleve songane på denne samleplata vart valde ut frå dei berre 22 songane gruppa hadde gjeve ut til då. Graham Nash sa seinare at gruppa var i mot utgjevinga og meinte at det var absurd å basere eit samlealbum på berre to studioalbum og ein singel. Atlantic Records ønskte å utnytte den særs omtalte og etterlengta turneen til Crosby, Stills, Nash & Young i 1974.

Young er berre med på fire av dei elleve songane. Han hadde òg berre vore med på halvparten av songane på Déjà Vu.

Plateomslaget vart måla av venen og kollegaen til gruppa, Joni Mitchell.

Innhald

Medverkande David Crosby – vokal alle spor; rytmegitar på «Déjà Vu», «Wooden Ships», «Ohio» og «Woodstock»; akustisk gitar på «Guinnevere» Stephen Stills – vokal alle spor utanom «Guinnevere»; akustisk og elektrisk gitars alle spor utanom «Our House» og «Guinnevere»; piano på «Déjà Vu» og «Helpless»; orgel på «Wooden Ships,» «Woodstock» og «Suite: Judy Blue Eyes»; bass på «Déjà Vu», «Wooden Ships», «Teach Your Children» og «Suite: Judy Blue Eyes» Graham Nash – vokal alle spor; piano på «Woodstock» og «Our House»; akustisk gitar, tamburin på «Teach Your Children» Neil Young – vokal på «Ohio», «Find the Cost of Freedom» og «Helpless»; akustisk gitar på «Find the Cost of Freedom» og «Helpless»; elektrisk gitar på «Ohio» og «Woodstock»

Andre medverkande Greg Reeves – bass på «Woodstock», «Our House» og «Helpless» Calvin «Fuzzy» Samuels – bass på «Ohio» Dallas Taylor – trommer på «Déjà Vu», «Wooden Ships», «Woodstock», «Our House», «Helpless» og «Suite: Judy Blue Eyes»; tamburin på «Teach Your Children» Johnny Barbata – trommer på «Ohio» John Sebastian – munnspel på «Déjà Vu» Jerry Garcia – pedalsteelgitar på «Teach Your Children»

Salslister ÅrListePlassering1974Billboard 2001

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «So Far (album)» frå , den 13. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Crosby, Stills, Nash & Young-album Kategori:Samlealbum frå 1974 Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Album produserte av Stephen Stills Kategori:Album produserte av David Crosby Kategori:Album produserte av Graham Nash Kategori:Plateomslag av Joni Mitchell