Franz Kafka () var ein tyskspråkleg forfattar frå Prag (Praha), hovudstaden i kongeriket Böhmen som då var ein del av Austerrike-Ungarn. Han er kjend som ein av dei store skikkelsane innan litteraturen på 1900-talet med verk som blander realisme med fantastiske element. Det best kjende verket hans er romanen Der Process (‘Prosessen’). Romanen skildrar ein person som er utsett for uklåre skuldingar av eit ugjennomtrengeleg rettssystem. Av dette kjem nemninga Kafka-prosess.

Biografi Kafka vart fødd i 1883 i ein tyskspråkleg jødisk familie i Prag (Praha) i Bøhmen, på den tida ein del av Austerrike-Ungarn, i dag hovudstad i Tsjekkia. Faren var ein Galanteriewaren-handelsmann, Hermann Kafka (1852-1931), og mora var Julie Kafka, fødd Löwy (1856-1934). Frå 1889 til 1893 gjekk Kafka på Deutsche Knabenschule ved Fleischmarkt i Praha og tok sin Matura i 1901. Han byrja å studera jus, og avla sin eksamen i 1906. Deretter arbeidde han for eit forsikringsselskap. Samstundes skreiv han på fritida. I 1917 vart han ramma av tuberkulose.

Kafka sitt tilhøve til den dominerande far sin var eit viktig tema i arbeida. I 1923 flytta han til Berlin i von om å koma vekk frå familien sin påverknad, og konsentrera seg om å skriva. Sjukdommen vart likevel verre, og han reiste attende til Praha. Han vart seinare innlagd på eit sanatorium i nærleiken av Wien. Her døydde han den 3. juni 1924. Han vart gravlagd i Neue Synagoge i Praha.

mini|Kafka si grav

Kafka publiserte berre nokre få korte historier medan han levde, som berre utgjorde ein liten del av arbeidet. Han fekk difor ikkje stor merksemd i si levetid. Før han døydde, bad han venen og forleggjaren Max Brod og hans elskarinne Dora Dymant om å øydeleggja alle manuskripta hans. Dymant øydela lojalt dei manuskripta ho hadde, men Brod fylgde ikkje Kafka sine instruksar, og valde i staden å publisera dei.

Verkliste Korte forteljingar (utval) «Das Urteil», 1913 (Dommen) «Die Verwandlung», 1915 (Forvandlinga) «In der Strafkolonie», 1919 (I straffekolonien) «Ein Landarzt», 1920 (Ein landsens lækjar) «Ein Hungerkünstler», 1924 (Ein sveltekunstnar)

Romanar Der Process, 1925 (Prosessen) Das Schloss, 1926 (Slottet) Amerika, 1927

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Universität Bonn: Umfassende Information zu Leben und Werk www.ub.fu-berlin.de/ kommentierte Linksammlung KomistA Verlag: Leben und Werk sowie Texte von Kafka "Franz Kafka konkret" Leben und Werk Das Kafka Projekt englisches Projekt mit vielen Links und dem Ziel alle Texte in Form der Manuskripte zu sammeln Viele Texte von Kafka im Projekt Gutenberg-DE Deutsches Historisches Museum: kleine Biographie Biographie von Xlibris Lexikon Eintrag zu Kafka Kafka und Prag "Versuch über Franz Kafka"

Kategori:Austerrikske forfattarar Kategori:Tsjekkiske forfattarar Kategori:Tsjekkiske jødar Kategori:Askenasiske forfattarar