Anton Karl Hagbart Jakobsen () var ein norsk lærar og politikar, fødd på Ramfjordnes i Tromsøysund herad. Han representerte valkrinsen Troms og Venstre på Stortinget i to åtskilde periodar i mellomkringsåra. Helge Jakobsen var son hans.

Anton K.H. Jakobsen var son til ein gardbrukar og fiskar busett på Balsnes i Tromsøysund. Stor leselyst i ungdomsåra førte til at han fekk gå forskule og Tromsø seminar, der han etter tre års skulegang i Tromsø tok eksamen i 1894. Sidan var han lærar ymse stader i Balsfjord og Tromsøysund til 1922, også kyrkjesongar i Tromsøysund frå 1912. Frå 1901 dreiv han garden Venset og tok elles til å utreie skuter som dreiv ishavet. Han var styremedlem i Tromsøysundets Sparebank frå 1904, og banksjef frå 1917 til 1959. Elles var Jakobsen medisinalkasserar 1917-24 i Troms fylke.

Jakobsen engasjerte seg i politikken for partiet Venstre. Han var samanhengande med i formannskapet i Tromsøysund frå 1922 til 1956, ordførar 1926-28 og 1932-34. Den siste treårsperioden som ordførar var han også formann i fylkestinget i Troms. Dei to valbolkane 1925-27 og 1934-36 var han stortingsrepresentant frå Troms fylke. Den fyrste treårsbolken hadde han sete i Administrasjonskomiteen. Han var landsstyremedlem i Venstre frå 1939 til -46.

Blant mange administrative verv var Jakobsen mellom anna formann i Nordnorsk Oljeselskap og Fiskeindustri frå 1933, og formann i Troms Fylkes Dampskibsselskap frå 1935. Då Arktisk Forening vart danna i 1947, vart han formann der òg. Han avvikla desse styreverva mot slutten av 1950-åra.

Jakobsen vart tildelt riddarkorset av St. Olav på 75-årsdagen.

Kjelder Stortingsbiografi Anton Jakobsen: Minne og mening. 1962

Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936