Karrada (arabisk كرّادة, Karrāda) er ein øvre mellomklassebydel i Bagdad i Irak. Folkesetnaden er blanda med ein sjiamuslimsk majoritet og ein større kristen minoritet. Han er ein av dei mest religiøst mangfaldige i byen og ein av to store bydelar med eit kristent samfunn i Bagdad, i lag med Dora. Alle kristne i distriktet held til i Indre Karrada, der dei fleste kyrkjene står. Bydelen er delt inn i to mindre område, Nazaith og Masbah. Karrada ligg nord på ei halvøy i ein sving i elva Tigris. Det vart bygd mykje langs elvebreidda og vore medverkande til at området er ein dyr bydel i dag.

Karrada har vore utsett for mange terroriståtak gjennom åra, dels på grunn av den store kristne busetnaden og rikdomen her. Området er elles relativt fritt for sektvesen, og dei som bur her lever ganske godt i lag. Flyselskapet Al-Naser Airlines har hovudkvarteret sitt i Karrada, i eit område like ved det private sjukehuset Al Jadirya. 3. juli 2016 førte eit terroristbombeåtak til at minst 340 menneske mista livet på ein kveldsmarknad nær slutten av ramadan.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karadah» frå , den 7. februar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Administrative distrikt i Bagdad Kategori:Bydelar i Bagdad