Transpirasjon er fordamping av vatn frå overflaten til plantar. Transpirasjon føregår hovudsakleg gjennom spalteopningar i blada, og heldt spalteopningane opne slik at planten kan ta til seg karbondioksid, som blir brukt i fotosyntesen. Transpirasjonen fører også til at næringsstoff blir trekte opp frå røtene og opp i vekstskota til plantane. Etter kvart som eit vassmolekyl fordampar frå bladet, dreg det til seg nabomolekylet, slik at vatnet flyt kontinuerleg gjennom planten. Transpirasjon er også med på å kontrollera temperaturen til planten. Plantar kan sleppa ut heile 97–99,5 % av vatnet dei tek opp i røtene gjennom transpirasjon og guttasjon.

Det finst to former for transpirasjon: kutikulær transpirasjon (gjennom celleveggar i epidermisceller og kutikula utanfor) og stomatal transpirasjon (gjennom spalteopningar eller stomata i epidermis). Plantar regulerer transpirasjonsraten gjennom å kontrollera storleiken på spalteopningane. Blada kan også ha ei slik oppbygging at dei reduserer transpirasjonsraten. Tørkeplantar kan til dømes ha tjukkare kutikula, hårete eller samanrulla blad eller spalteopningar som er senka ned i bladoverflata.

Sjå òg Evapotranspirasjon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Transpirasjon» frå og «Transpiration» frå , den 17. februar 2019.

Kategori:Hydrologi Kategori:Plantefysiologi