Ballymena er ein by i Antrim i Nord-Irland. Det irske namnet på byen, Baile Meánach, tyder 'Midtbyen'. Ved folketeljinga i 2011 hadde Ballymena eit folketal på 29 467. Byen er den åttande største i Nord-Irland. Han høyrer til Mid and East Antrim Borough Council, som har hovudkvarter her.
Ballymena blei bygd på land gjeve til Adair-familien av kong Karl I i 1626. Til gjengjed skulle byen halda to årlege marknadar og ein laurdagsmarknad i all ettertid. Laurdagsmarknaden var framleis i drift i 2018. Ballymena er elles ein viktig handleby for nordirar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ballymena» frå , den 19. mars 2019.
Kategori:Byar i Antrim